Verkstader
I Verkstad da Vinci inviterer vi no 8. trinn til å vere med på noko heilt nytt:
ein kunstverkstad utvikla AV og FOR ungdom.
Her får elevane oppleve ein dag som er laga med utgangspunkt i det ungdommar sjølve seier er viktig: å få vere aktive, utforske nye uttrykk og skape noko dei kan vere stolte av.
Elevane møter fleire profesjonelle kunstnarar som arbeider med ulike teknikkar og uttrykk. Elevane tek del i ein verkstad der kunst, samarbeid, innovasjon og utforsking står i sentrum.
Dette er ein annleis skuledag der elevane får bruke både kroppen, tankane og kreativiteten, og oppleve meistring på nye måtar.
Skuleåret 2026
Verkstad: Graphe
-
Eldrid Schrøder Kvalvik (f. 1981) er regissør og teaterpedagog med særleg interesse for prosjekt som skaper møte mellom etablerte og uetablerte utøvarar. Ho arbeider tverrkunstnarleg med drama, lyd, rørsle og visuell kunst, og har dei siste åra hatt regi på mellom anna Play Alter Native, Giskespelet 2019, Hair, KANON og Skumringstimen. Kvalvik samarbeider òg med musikar Lena Nymark i fleire prosjekt for barn og unge, og er skodespelar i Ålesund Improteater.
-
Lena Nymark (f. 1980) er musikar, komponist, låtskrivar, musikkpedagog og logoped, utdanna frå Noregs musikkhøgskole og Nord universitet. Ho arbeider innan eit breitt musikalsk felt, frå jazz og pop til eksperimentell lydkunst og improvisasjon, og spelar mellom anna saksofon, klarinett, bassklarinett, fløyte, synth og elektronikk. Dei siste åra har ho samarbeida med kunstnarar innan fleire felt og arbeidd tverrfagleg innan både teater og visuell kunst. I tillegg er ho kulturleiar på Sobra Scene.
-
Karin Augusta Nogva (f. 1976) er samtidskunstnar og grafikar basert i Ålesund. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Bergen, Bergen kunsthøgskole og Edinburgh College of Art, med spesialisering i grafikk. I kunstnarskapen arbeider ho særleg med grafikk, papirutskjering, teikning og installasjon, ofte med tematikk knytt til natur, økologi og visuell forteljing. Arbeida hennar har vore viste i ei rekkje utstillingar og offentlege utsmykkingsprosjekt, og er mellom anna innkjøpte av Stortingets kunstsamling og Dronning Sonjas kunstsamling. Nogva har òg vore aktiv i fleire kunstnarorganisasjonar og faglege fellesskap, mellom anna som styreleiar i Norske Grafikere.
«Graphe» er ein tverrkunstnarleg verkstad der ungdom utforskar korleis menneske uttrykker seg gjennom bilete, lyd, kropp og tekst. Gjennom grafikk, musikk og drama arbeider elevane med å omsetje erfaringar, kjensler og nærvær til ulike former for teikn og uttrykk.
Namnet kjem frå det greske ordet graphe – å skrive, teikne eller risse inn. Dette ligg til grunn for heile verkstaden: korleis vi set spor etter oss sjølve, og korleis det indre kan bli synleg, høyrbart eller kroppsleg erfart.
I verkstaden møter elevane tresnitt og sjølvportrett, grafisk partitur og improvisasjon, rørsle, drama og tekst. «Graphe» handlar om skaparglede, utforsking og det å finne eigne uttrykk i møte med andre.
Lærarkurs
Verkstad da Vinci tilbyr kurs i estetiske læringsprosessar for lærarar.
Her får lærarane introduksjon til kva Verkstad da Vinci er, og tips til korleis dei kan bruke for- og etterarbeidet som er sendt ut til skulane. I tillegg får dei lære teknikkar som skal brukast på verkstaden med elevane.