Kva er Verkstad da Vinci?

No er Aggregat i gong med eit nytt pilotprosjekt med og for ungdom på 8.trinnet.

Fram til februar 2026 var Verkstad da Vinci eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Aggregat Kunstnerfellesskap, for å styrke den kreative muskelen i skulen.

Kvar verkstad var eit pedagogisk opplegg der elevar og lærarar på 5. trinn fekk treffe profesjonelle kunstnarar gjennom kunstnarmøter. Elevane kom på besøk til Aggregat sitt eige kulturrom. 
Her fekk elevane møte kunstnarar som arbeidar innan alle kunstformer - visuell kunst, dans, teater, musikk, performance, skrivekunst, animasjon eller kunsthandverk.

Modellen vi nyttar i Verkstad da Vinci ivaretek skulen sine behov, læreplanen sine mål, samt kunsten sin eigenverdi. Elevane som tek del i verkstadene arbeidar prosessbasert med leik og læring i samhandling.

Det nye pilotprosjektet tek vare på pedagogikken, modellen og metodikken, men verkstaden involverer no ungdommane sine eigne tankar og idéar om  kva ein verkstad for ungdom bør innehalde.

Kontaktpersonar

Trine Isaksen Muriaas

Prosjektleiar

+47 92 84 20 83
verkstaddavinci@proton.me

Trine har BA i kunst og handverk og har jobba med praktisk estetiske fag i grunnskulen i 10 år. Ho er opptatt av at elevane skal få lære med heile seg, og er spesielt glad i å bruke naturen som klasserom. Ho er også dagleg leiar for Aggregat Kunstnerfellesskap og var prosjektleiar for Verkstad da Vinci i pilotfasen.

Mariann Bjørkavoll
Prosjektmedarbeidar

+47 92 81 81 15
mariann.bjorkavoll@alesund.kommune.no

Mariann er allmennlærar med tilleggsutdanning i bl.a. datateknikk, matematikk og engelsk. Ho har jobba i skulen i 27 år, og har vore kulturkontakt i dei fleste av dei. Ho har alltid hatt interesse for kunst og kultur, og er opptatt av å utvikle det heile mennesket. Ho meiner at leik er ein morosam måte å lære på som krev hardt arbeid.