Tidlegare verkstader

Vi har testa mange ulike verkstader i pilotfasen saman med kunstnarar frå heile landet. Frå hausten 2023 har vi holdt til i Da Vinci-rommet i Torghallen i Ålesund sentrum.

Sjå lenger nede kva elevane har lært!

Vår 2025

Verkstad: Stopp, flytt - skap noko nytt!

I verkstaden “Stopp, flytt - skap noko nytt!” fekk elevane utforske animasjonsfilm og figurteater i kombinasjon. Elevane fekk prøve seg på å vere figurmakarar, animatørar og figurspelarar - alt på ein og same dag. Film og figurspel kom så saman i ein spesiallaga scenografi.Eit av måla var å oppdage nye teknikkar innan forteljarkunsten.

Barn bruker i dag mykje tid på skjerm. Korleis “her og no” møter det som er fast på skjermen, er interessant å tenke over.

Kunstnarane ønska å skape ei bevisstgjering rundt korleis ein film kan manipulere røyndomen og tidskjensla.

Elevane brukte vanlege gjenbruksmateriale til å lage figurar og filmbakgrunnar. Slik blei det kreative arbeidet vidareført inn i kvardagen til barna.

Haust 2024

Verkstad: Akademiet for superkrefter!

I verkstaden «Akademiet for superkrefter» fekk elevane vere deltakarar i eit fiksjonsunivers gjennom leik, rolleutforsking og visuelle uttrykk. Dei fekk lære teknikkar innan både drama og silketrykk av agentane professor Trykk og professor Futt.

I forkant av verkstaden fekk klassen tilsendt ein kort video frå kunstnarane og eit viktig oppdrag!

Vår 2024

Verkstad: Høyr, ta, reis – ei reise gjennom keramikk og musikk

I denne verkstaden fekk elevane arbeide med leire, tekst og musikk ein heil dag! 5. klassingane blei med på ei reise i ulike kunstnariske teknikkar, satt saman til nye uttrykk. Kunstnarane ønskte å skape og formidle ei oppleving gjennom erfaring, utforsking og leik. Lissette og Kristian viste korleis ting som ikkje høyrer saman kunne høyre saman likevel. Bakgrunnen til kunstnarane har gjort dei undrande og nysgjerrige på å utforske sansane, det taktile og å lytte.

Haust 2023

Verkstad: Rastlaus stillheit – ein uvanleg duett

I denne verkstaden fekk elevane først sjå dei profesjonelle kunstnarane i aksjon. Tonje dansa og Silvia fanga opp rørslene gjennom skisser på papir og lerret. Elevane blei så delt inn i to grupper der eine blei vist metodar for å danse/bevege seg, og den andre fekk teikne og lage skisser. Deretter blei det laga koreografi utifrå skissene. Dei avslutta med eit gruppearbeid der dei mala rørsler i stort format.